KVA ER IDROTTSRÅDET?

Idrottsråda er frå 1987 lovfesta organ som kvar kommune skal oppretta. Idrottsrådet er oppretta for at idrottslag, organisasjonar og klubbar skal ha eit eige fellesorgan i kommunen, valt av laga sjølve for å samordna, prioritera, fremja og fylgja opp laga sine interesser overfor kommunen og koordinera arbeidet laga imellom. Idrottsrådet si hovudoppgåve er difor å arbeida for best mogleg rammevilkår for idretten i den enkelte kommune. I frå starten og fram til i dag, har statusen til idrottsråda auka monaleg. Når det gjeld representasjonsrett har idrottsråda no lovfesta 50% på kretsting, og på tinget til NIF er 2 representantar frå kvart fylke valde av idrottsråda i kommunane.

Våren 2000 då NIF sine "tilleggsmidlar" (81,7 mill kr i 2000) for fyrste gong vart utdelte, var det idrottsråda som fekk ansvaret for den kommunale tildelinga. Og i Stortingsmelding nr. 14 (Idrettslivet i endring), vert det slått fast at idrottsråda i framtida vil verta den viktigaste aktøren i det kommunale idrettspolitiske arbeidet.
Frå NIF har idrottsråda fått lovbestemte oppgåver og ansvar. Som ein ser av det vedlagde lovverket for Voss Idrottsråd, er samarbeidet mellom idrottslaga, idrottsrådet og kommunen sentralt i oppgåvene til rådet. Det er difor avgjerande at dette samarbeidet fungerer godt.

STYRET FOR VOSS IDROTTSRÅD 2019/2020

 
FUNKSJON
NAMN
EPOST
LAG
Leiar
Olav Farestveit
Voss IL 
Nestleiar
Anne Karin Dugstad
ankadug@gmail.comIL Ørnar
Kasserar
Asgeir  Løno
asgeir.lono@spv.no 
Styremedlem
Renate Lunde
 
Styremedlem
Svein Oscar Moseide

Styremedlem
Einar Melve
Varamedlem
Varamedlem
Andreas Hemli
Gry Bystøl
 
 
 
 



LOVVERK/RETNINGSLINJER

Lovverk for Voss Idrettsråd
Lova finn du her


Samarbeidsavtale
 Voss Idrottsråd har ein samarbeidsavtale med Voss Kommune som du finn her.


Voss Idrottsråd
Epost: post@vossidrottsraad.com
        Rediger