Velkommen til Voss Idrottsråd.
 
Idrottsråda er frå 1987 lovfesta organ som kvar kommune skal oppretta. Idrottsrådet er oppretta for at idrottslag, organisasjonar og klubbar skal ha eit eige fellesorgan i kommunen, valt av laga sjølve for å samordna, prioritera, fremja og fylgja opp laga sine interesser overfor kommunen og koordinera arbeidet laga imellom. Idrottsrådet si hovudoppgåve er difor å arbeida for best mogleg rammevilkår for idretten i den enkelte kommune.