ÆRESPRISAR:

Dette er æresprisar som Voss Idrottsråd skal avgjera,eller senda fråsegn om.

 

Idrottslag,klubbar,organisasjonar eller privatpersonar i Voss Kommune kan/må komma med innstillingar til oss.
 

Innstillinga må innehalda:
-Namn på den de vil innstilla.
-Alder
-Prestasjonar,resultat eller spesielt stor framgang det året innstillinga gjeld for.
-Begrunnelse utover direkte resultat/plasseringer.
 
 

Trykk på linken under, og send oss ditt forslag.

Oversikt over mottakarar av Edv.B.Hegboms Heiderspris

1988
1989
1990
1991
1992
1993
1994
1995
1996
1997
1998
1999
2000
2001
2002
2003
2004
2005
2006
2007
2008
2009
2010
2011
2012
2013
2014
2015
2016
2017
Olav Istad
Arvid Inge Skulstad
Bjørn Mæland
Atle Bolstad
Gunn Berit Lunde Årvik
Magnhild Tveito Berland
Anna Marie og Terje Bergstrøm
Magne Sørestrand
Tore Tvilde
Terje Risa
Nils Inge Haaland
Oddvar Aasheim
Knut Bakketun
Stein Wæhle
Odd Bjarne Nesheim
Hermann Skjeldal
Gunnar Bråten
Helge Klette
Frode Tufte
Svein Inge Styve
Sigfred Sivertsen
Inga utdeling
Eva Skjeldal
Trond Håvard Bjørnstad
Roar Andersen
Lars Terje Tveito
Tore Bryn
Olav Farestveit
Nils Dagfinn Dregelid
Terje Mørkve
Voss skiskyttarlag
Voss IL
FBK Voss
Bolstad Turn-og idrettslag
Bulken IL
Voss IL
Voss IL
IL Eldar
FIL Vossar
FBK Voss
Voss IL
FBK Voss
IL Viljar
Voss IL
IL Eldar
Bulken IL
IL Viljar
FBK Voss
Bulken IL
IL Ørnar
FBK Voss

Bulken IL
Voss IL
Voss Freestyleklubb
Voss IL
Voss Skiskyttarlag
Voss IL
FBK Voss
IL Ørnar



Edvard B. Hegbom sitt minnefond
STATUTTAR FOR EDVARD B. HEGBOM SITT MINNEFOND

1. For a heidra minnet om Edvard B. Hegbom skal privatpersonar, firma, lag og organisasjonar ha høve til a gje gaver. Desse gåvene skal setjast av på eit fond med namnet Edvard B. Hegbom sitt minnefond. Den fonds-kapitalen som vert innbetalt skal plasserast på eigen konto i bank til høgast mogleg rente og stå urørd i framtida. 

2. Dei renter den innestaande kapitalen kastar av seg skal årleg nyttast: 

a) til ein heiderspris kalla Edvard B. Hegbom sin heiderspris. Denne heidersprisen skal delast ut til ein idrottsleiar styret for fondet meinar har gjort ein framifrå innsats for idrottsarbeidet mellom born og ungdom i Voss kommune. 

b) til eit eller fleire idrottsstipend som skal delast ut til idrottsutøvarar under 18 år på Voss, uansett idrott, som styret for fondet meinar har gjort den største sportslege framgang i føregånde år. Saman med stipendet skal det delast ut eit synleg bevis for tildelinga. 

3. Styret for fondet er det til ei kvar tid sitjande arbeidsutvalet for idrottsrådet for idrottslaga på Voss. Styret skal ta avgjerd om kven som skal få utdelt prisen før årsmøtet i idrottsrådet kvart ar. Heidersprisen og idrottsstipenda skal delast ut under det årlege arrangementet på idrottsplassen kvar 17.mai eller ved ei anna høvleg tilskiping. 
 
4. Dersom renteavkastinga på fondet ikkje er stor nok til at ein kan oppretthalda storleiken på fondet og samtidig dele ut heiderspris og stipend, har styret fullmakt til å redusere fondskapitalen for å ivareta målsetjinga i pkt. 2 a. og b.
I so fall skal tildelinga av heiderspris etter pkt. 2 a ha prioritet.
Dette kan medføre at fondskapitalen på sikt vert oppbrukt og dermed må minnefondet avviklast.

5.. Styret for fondet pliktar å føra eige rekneskap for fondet. Rekneskapet skal fylgja kalenderaret og avsluttast i god tid før idrottsrådet sitt årsmøte. 


Rekneskapet skal reviderast av den valde revisor i idrottsrådet og skal godkjennast av årsmøtet i Voss Idrottsrad.

 

Highland - staupet 2002
STATUTTAR FOR HIGHLAND-STAUPET
 
1. Pokalen er gjeven av Hr. Andrew Highland for utdeling til den idrettsmann eller kvinne som ved avslutta sesong har synt best prestasjonar pa ski. Ved vurderinga av "prestasjon" i denne samanheng skal det takast omsyn til den samla innsatsen som ligg til grunn for pretasjonen, og til særlege tilhøve då prestasjonen vart utført.
 
2. Den som skal fa namnet sitt på pokalen, må vera medlem i eit av idrettslaga i Voss kommune.
 
3. Gjennom utlysing skal ålmenta fa høve til å frernja grunngjevne framlegg om aktuelle kandidatar til Highland-staupet. Lista over føreslegne kandidatar vert ikkje offentleggjort.
 
4. Highland-staupet vert utdelt av Voss kommune ved Miljø- og Kulturutvalet, men Voss Idrottsråd skal gje fråsegn i saka før MKU gjer vedtak. MKU-leiaren føretek sjølve utdelinga av Highland-staupet.
 
5. Om MKU finn at det ein sesong ikkje er utøvd prestasjonar som er verdige nok, vert pokalen ikkje utdelt dette året. Statuttane er vedtekne i Voss kommunestyre 31.10.96; sak 089/96.
 
Oversikt over mottakarar av HIGHLAND-STAUPET
 
1960 Artur Vimo              1985 Eirik Kvalfoss                        2000 Kari Traa
1962 Jon Istad                1986 Anne Elvebakk                      2001 Kari Traa
1963 Jon Istad                1987 Hans Engelsen Eide             2002 Egil Gjelland,Kristen Skjeldal og Kari Traa
1973 Odd Bakketun        1988 Anne Elvebakk                      2003 Kari Traa og Lars Bystøl
1974 Arne Bystøl            1989 Eirik Kvalfoss                         2004 Kari Traa og Kristen Skjeldal
1975 Nils Een                 1990 Kristin Skjeldal                       2005 Gro Marit Istad Kristiansen
1976 Odd Lirhus             1991 Grete Ingeborg Nykkemo      2006 Lars Bystøl
1977 Odd Lirhus             1992 Jan Einar Thorsen                 2007 Jori Mørkve
1978 Odd Lirhus             1993 Astrid Lødemel                      2009 Tor Halvor Bjørnstad
1979 Odd Lirhus             1994 Hilde Lid                                2010 Sjur Røthe
1980 Arne Martin Holen  1995 Lars Tore Turtveit                 2011 Sjur Røthe
1981 Eirik Kvalfoss         1996 Joakim Schicht                      2012 Hilde Fenne
1982 Eirik Kvalfoss         1997 Kristen Skjeldal                     2013 Sjur Røthe
1983 Eirik Kvalfoss         1998 Kari Traa og Gro Marit Istad 2015 Sjur Røthe
1984 Eirik Kvalfoss         1999 Hilde Lid og Kari Traa           2016 Sjur Røthe, Hilde Fenne, Lars Skjervheim
 
 
MKU legg til grunn fylgjande framtidig handtering av Highlandstaupet:
1. Lysing om framlegg til kandidatar for stipend, staup og prisar
2. Sakshandsaming av administrasjonen med/utan innstilling
3. Sakshandsaming sendast idretts- og kulturråd for uttal
4. Saka vert handsama politisk
5. Føreslegne kandidatar som ikkje mottek prisar vert samla i eiga database for seinare bruk

Voss Idrottsråd
Epost: post@vossidrottsraad.com
        Rediger